Den Norske Forening

Millom Bakkar og Berg

Tekst: Ivar Aasen

Millom Bakkar og Berg ut med Havet
heve Nordmannen fenget sin Heim;
der han sjølv heve Tufterna gravet,
og sett sjølv sine Hus uppaa deim.

Han saag ut paa dei steinutte Strender
det var ingen, som der hadde bygt.
"Lat oss rydja og byggja oss Grender,
og so eiga me Rudningen trygt".

Han saag ut paa det baarutte Havet,
der var ruskut aa leggja ut paa;
men der leikade Fisk ned i kavet,
og den Leiken den vilde han sjaa

Fram paa Vetteren stundom han tenkte,
Giv eg var i eit varmare Land!
Men naar Vaarsol i Bakkarne blenkte,
fekk han Hug til si heimlege Strand.

Og naar Liderna grønka som hagar,
naar det laver av Blomar paa Straa,
og naar Næter er ljosa som Dagar,
kann han ingenstad vænare sjå.

© 2008 - 2017 Den Norske Forening